VOSS IL Orientering

Gammelt arkiv

Bonuspost 40B - ca 50 besøk!
Små og store, unge og eldre, tobeinte og firbeinte og til og med nokre på sykkel, strøymde til posten dei tre timane han var open!
Og været kunne vel neppe vore betre: Nett passe varmt og ikkje fluger!

FINN FRAM-DAG 27. APRIL KL 12 - 15
Sundag er det klart for den årlege FINN FRAM-dagen,
med ymse O-aktivitetar for heile famlien.

Stad: Leiren i Bømoen.
Tid: Kl 12.00 - 15.00.

Gratis tilgjenge. Deltakarpremie til alle born.
Kafe med sal av kaffi, te, vafler m.m.

Sal av Tur-O kr 150, Barne-Tur-O/Nær-Trim kr 50.

Rabatt på års- og sesongkort
Som medlem i Voss IL får du rabatt på Års- og sesongkort i Voss ski- og tursenter.
Kjøper du før 1. desember, får du ekstra-rabatt!

Gå inn på: www.skivoss.no

Årsmøte i O-gruppa fredag 7. mars 2014 kl 19.00
Stad: Kaféen i Idrottshuset.
Vanlege årsmøtesaker.

Hyggeleg samvær med litt hovudbry og matøkt rett etter årsmøtet.
O-gruppa spanderer mat og drikke (utan %)
Alle velkomne!

PS! Ingen blir vald inn i eit styre utan å bli spurde på førehand, så møt opp.

Trude Bråten ny leiar i O-gruppa
Etter 11 år som leiar, fekk Marianne Bakketun endeleg avløysing.
Styret i O-gruppa er no:
Trude Bråten - leiar for 1 år
Pål Augland - nestleiar
Ranveig Iversen - kasserar
Bernt Heggøy - skrivar
Synnøve Hatland - ungdomsrepresentant
Vara: Harald Hatland og Hildegunn Heggøy

Treningsløp for ALLE onsdag 16. mai
Det var mange som ville koble av før 17. mai. Nesten kø på karthugsen!

Interessa for trening dagen før dagen var over all forventning og arrangørane gjekk "nesten" tomme for kart. Me hadde forventa ca 20-25 deltakarar. Det kom langt over 40.

Småtroll-løypa har vel aldri vore meir populær. Eit par-tre gutar tok runde etter runde, 10-15 gonger og fekk verkeleg trening. Mange tok også nybyrjarløypa og ein del tok både "postplukk" og karthugs. Karthugs er kjempegod trening for både hjerneceller og kondis. Ein kunne velge mellom 7 små sløyfer med 3 eller 4 postar. Ikkje så lange strekk, men vanskeleg nok. Og dei fleste tok ALLE sløyfene og fekk dermed minst 5-6 km trening.

Neste løp er Vossacup på kartet Prestegardsmoen torsdag 24. mai. Start og mål på gymnaset.

Foto-orientering
Foto-orienteringa med trekking 1. juli blir offentleggjort seinare.

Årsmøte 2012
Årsmøte i O-gruppa fredag 16. mars.
Stad: Kafeen i Idrottshuset.
Tid: Kl 19.00.

Vanlege årsmøtesaker.
Saker som skal opp på årsmøtet må meldast innan 9. mars.
Samkome med matøkt og quiz for vaksne etter årsmøte!
O-gruppa spanderer maten, drikke held du sjølv.

Ny sesong - ut å reise? Sjå her:  
Terminlista for dei lokale løpa på Voss er snart klar.
Sesongstart blir torsdag 19. april og Finn Fram-dag sundag 22. april.

For dei som vil prøve seg utanfor bygda er det mange løp å velge mellom.
Først ut er Kristornløpa på Stord 14. og 15. april.
Sjå http://stordo.no/ eller klikk på lekkja over.

Mange fann fram til Finn Fram-dagen
Etter ein heller tung start på årets O-sesongen, med to løp avlyst og vått og surt på fleire løp, tok det skikkeleg av på Finn Fram-dagen torsdag 9. mai. Arrangørane hadde vel håpa på rundt 100 - men det kom nok minst 250.
Hovudløypa vart nok i utgangspunktet litt skremande - når ein fekk eit kart utan ein einaste post innteikna. Men med kartoppslag på ALLE postane og ikkje så langt mellom kvar post, gjekk dette heilt fint! Kult meinte borna - interessant meinte dei vaksne. Og årets Finn Fram-dag vart ei slags kulturvandring i Bømoen leir, med litt info om bygningar m.m. undervegs.
I start/målområdet var det også høve til å prøva ei krevjande småtroll-løype utan kart - men merkt frå post til post - og ei sprintløype med tidtaking.
Kafeen selde ut ALT dei hadde.

NESTE ARRANGEMENT:
Rekrutt- og treningsløp i Bømoen onsdag 15. mai kl 18 - 19.
Start/mål er den "gamle" skytebana bak Tunshovden (litt forbi leiren).

Tur-O med Bonuspost
Bonusposten i Lemmesmarki var open sundag 29. september frå kl 12 - 15.
25 ekstra Tur-O poeng til alle som vitja posten. Enkel servering.
Bra besøk, ca 20 frammøtte - av desse var det 8 born.

19 deltok på nattløp 2. oktober
Lang løype - damer
Ellen Astrup 24.32
Eli Mokleiv 28.35
Ranveig Iversen 30.29
Heidi Kolve 30.29
Ragna Kolve 36.55
Sarah Flatlandsmo 36.55
Ingeborg Wæhle 37.08

Lang løype, herrar
Anders Bø 17.30 - ca tid, brikke "døydde"
Pål Augland 17.47
Gunnar Bråten 21.25
Bernt Heggøy 23.50
Knut Skiple 28.19
Lars Andreas Een 28.24
Dag Christensen 29.49
Svein-Erik Heggenes 30.57
Øyvind Wæhle 37.08

Kort løype, damer
Trude Bråten 23.46
Ann Merete Handegård 26.53
Marta Ringheim 35.11

Sesongavslutninga sundag 20. okt kl 18.00
Avslutninga vart halde i Arenahuset i Voss ski- og tursenter.
Premieutdeling og hyggeleg samvær for ca 30 frammøtte.

Prøv Turorientering
Seinsommaren og hausten er ei fin tid for Turorientering. Og dei 40 postane står ute til og med haustferien.
10 postar i Bømoen, 10 på/ved Fjosestølen og 20 i Voss ski- og tursenter.
Mange av postane er knytta til "kulturminne".
Kart og info får ein kjøpt hjå Sport1, Endeve Sport og Turistinformasjonen.
Pris kr 150.-.
I Bømoen er det også 30 barne-tur-o postar. Pris kr 50 for kart og info.

Gå inn på www.turorientering.no/voss og "klipp" postane dine på nett.

Foto under viser ein del av dei mange som møtte på Bonusposten i sept. 2012.

Nattløp i Bømoen og Prestegardsmoen
Sesongen nærmar seg slutten og enno eit nattløp står for tur:

Onsdag 9. oktober - Bømoen - garasjen på Palmafossen

Påmelding frå kl 20.00 - fyrste start kl 20.30.
Nattløp høver best for litt røynde O-løparar, men born og vaksne må gjerne springa fleire i lag. Hugs lykt med opplada batteri!

SAMKOME OG PREMIEUTDELING 2012
Sundag 28. oktober kl 17 - 19 i klubbhuset til Viljar.

Samanlagtpremie til born med deltaking på minst 5 løp/arrangement -
vaksne med minst 10.
Utdeling av rekrutteringspokal, bestemannspokal og pokalar for VM lang.
Tur-O merke og Barne-Tur-O merke.

3 flotte russarkompass blir uttrekt mellom dei som møter fram + diverse andre ting. Møt opp og få gratis-lodd.

Utlodding av to stk tights i nytt design. Kr 20 pr lodd, maks 5 lodd pr pers.

O-quiz for liten og stor.

Matøkt - TA MED LITT MAT PÅ FAT. Kaffi, te og saft blir å få.

ALLE VELKOMNE!

2. Vossacup-løp i Storåsen torsdag 23. mai kl 18
Resultat-/strekklistene for VC2 i 2013 finn du under "Resultat" og "-VC-2013"

Komande løp er eit Vossacup-løp på kartet Storåsen.
Torsdag 23. mai. Fri start mellom kl 18.00 - 18.45, siste målgang 20.30.

Merkt frå Palmafossen/Ygre oppover skogsvegen i Storåsen.
OBS! Bompengar - betal ved start.

Premie til alle born t.o.m. 10 år. 1/3 trekkepremiering for 11 - 20 år.

Løyper og klassar for alle, frå 1 - minst 100 år.
Påmelding innan onsdag kveld til Kolbjørn Sæten mobil 473 75 163.

Startkontingent:
Vaksne kr 60, born kr 30 (inkl småtroll), berre småtroll kr 10.
Eller betal inn startkontingent for heile sesongen:
Vaksne kr 500, born kr 200, heile familien kr 800.

O-sesongen er no skikkeleg i gang!
Torsdag 2. mai var det klart for 1. Vossacup i Bømoen.
Værgudane var ikkje med oss! Styrtregn då postane vart sett ut onsdag 1. mai, vakna opp til skikkeleg vinter i dag 2. mai.
Heldigvis smelta mesteparten av snøen, men det var både vått, kaldt og surt på dette fyrste Vossacup-løpet.
Og slik har det nok vore før og, men me har vel gløymt det.........
Litt over 30 personar trossa vær og vind og kom til start........
Dei siste åra har det vore minst dobbelt så mykje på fyrste Vossacup, men då i mykje meir vårleg vær.....

Resultat-/strekklistene for VC1 i 2013 finn du under "Resultat" og "-VC-2013"

Vossagampen 2013 - på Fjosestølen
SUNDAG 16. JUNI

Fellesstart kl 12.00 - frammøte frå kl 11.00.

Innbydelsen finn du her

Rekrutt- og treningsløp onsdag 12. juni
KART PRESTEGARDSMOEN. FRAMMØTE VED PLENEN NÆR BERGSLIHUSET - IKKJE SÅ LANGT FRÅ TINTRABRUA. Påmelding og start frå kl 18.00. Siste målgang ca kl 19.30.

Stjerneorientering/karthugs for ALLE + småtroll utan kart.
Sjå på eit kartoppslag, spring eller gå til posten og attende.
Sjå på eit nytt kartoppslag. Tilsaman 14 postar av ymse vanskegrad.
Dei røynde må "pugge", andre låner med seg kartutsnitt.

Born t.o.m. 16 år kr 10 (inkl småtroll), vaksne kr 20.
Eller betal startkontingent for heile sesongen:
Kr 800 for heile familien, kr 500 for vaksne, kr 200 for born.

Løyper for alle. ALLE velkomne.

3. Vossacup på Skutle torsdag 6. juni kl 18.00
Kart Sonvesåsen. Samlingsplass ved P-plass ovanfor Skutle. Merkt frå Palmafossen mot Voss ski- og tursenter.

Løyper for alle: Småtroll utan kart. Nybyrjarløype. Kort løype. Mellom-løype. Lang løype. X-lang løype.

Premie til alle born t.o.m. 10 år. Trekkepremiar til born/unge 11 - 20 år.

Fri start frå kl 18.00 - 19.00; siste målgang kl 20.30.
Påmelding til Norvald Fretheim mobil 957 01 581 innan kl 22.00 onsdag.

Sal av Tur-O! ALLE VELKOMNE!

Borna sin dag på Hanguren sundag 2. juni kl 11
O-gruppa er med og kan tilby ei enkel "Bingo"-løype utan kart i nærleiken av øvre stasjon på Hangursbana. Ope frå kl 11.00 - siste målgang kl 15.00.

Finn alle postane - kanskje får du "full" bingo? Premie til alle born med full bingo.

Sal av Barne-Tur-O, vanleg Tur-O og Foto-O.

Rekrutt- og treningsløp i Bømoen onsdag 29. mai
Onsdag 29. mai er det klart for 4. rekrutt- og treningsløp.

Kart Bømoen. Frammøte aust i Bømoen, ca 100 m nord for vegkrysset vegen gjennom Bømoen/vegen til Ygre. Merkt frå Palmafossen og frå skytebana på Skjerve. OBS! Bommen er låst. Kjem ein gjennom Bømoen parkerer ein langs vegen. Kjem ein frå Mønshaugen og over brua v/skytebana, blir det parkering i vegkrysset. Her er det god plass!

Påmelding og start frå kl 18.00 - siste målgang kl 19.30.

Løyper for alle: Småtroll utan kart ca 400 m.
N-løype med greie postar etter stiar og skiløype; 1.8 km
C/B løype med postar etter stiar, skiløype og litt utanfor; 3.1 km
A-løype med linjeorientering. Hald linja på enkelte strekk; 5 km

Sal av Tur-O.

ALLE VELKOMNE!

Rekrutt- og treningsløp i Bømoen onsdag 15. mai
Påmelding og start kl 18.00 - 19.00 - siste målgang kl 19.30.

Kart Bømoen.Parkering på asfaltert P-plass i leiren.
Merkt til samlingsplass, som er ca 200 m austover.

Småtroll-løype utan kart.
N-løype m/kart og tidtakarbrikke.
Lang og mellom-lang treningsløype for deg med røynsle.

ALLE VELKOMNE!

Startkontingentar:
Heile sesongen, familie: kr 800.-, vaksne kr 500, born kr 200.
Enkeltbetaling kr 30 (vaksne), kr 20 (born inkl småtroll), kr 10 (berre småtroll).

Finn Fram-dag torsdag 9. mai kl 12.00 - 15.00
O-gruppa inviterer til den årlege Finn Fram-dagen torsdag 9. mai
(Kristi Himmelfartsdag). Siste målgang kl 15.00.
Stad: Leiren i Bømoen.
Ymse tur- og o-aktivitetar for heile familien.
Gratis deltaking. Premie til alle born.
Kafé med sal av kaffi, te, kaker, bollar og vafler. Gratis saft.
Sal av Tur-O, Barne-Tur-O og Foto-O - kr 150, kr 50 og kr 30.

Rekrutt- og treningsløp i Bømoen onsdag 8. mai
Start mellom kl 18.00 - 19.00, siste målgang kl 19.30.
Parkering ved garasjen til Bømoløypa eller ved klubbhuset til Viljar.
Samlingsplass 100 - 200 m aust for parkering. Følg merking.
Ymse løyper for alle nivå, frå småtroll utan kart til "sommarfugl-løype" for dei røynde. Sommarfugl = ut og inn til same post fleire gonger - frå ymse kantar.
Alle velkomne, inga førehandspåmelding.

Tur-O vintertid 2013 - til og med 1. mai
30 postar er plassert ut i Bømoen. Dei fleste ligg tett inntil skiløypa/joggeløypa.
OBS! Postane vil stå ute til og med 1. mai.

Vis omsyn, ikkje gå på ski i sporsette løyper. Har du hund, hugs bandtvang og pose!

Skriv ut kartet sjølv, sjå kartoppslag ved klubbhuset til Viljar eller kontakt O-gruppa for kjøp (kr 20 pr kart i vanleg papir og kr 30 for vassfast papir + eventuell porto)

Finn alle 30 postane, skriv ned bokstavane (eller fotografer posten) og lag ei setning av bokstavane.

Alle som sender/leverer løysinga innan 5. mai er med i trekning om vanleg Tur-O for 2013.

Kontakt: Ottar og Marianne Bakketun, mobil 938 99 441 / 992 78 936
E-post: ogruppa.voss@gmail.com

KARTET FINN DU -HER -

Sesongstart onsdag 24. april 2013 i Prestegardsmoe
Grunna is, snø og tele, er sesongstart utsett endå ei veke.

Onsdag 24. april kl 18 - 19 (siste målgang kl 19.30):
2. Rekrutt-/treningsløp i Prestegardsmoen v/Idrottshallen - inga påmelding

Torsdag 2. mai: 1. Vossacup i Bømoen (aust for Fallskjermklubben)
OBS! Fri start mellom kl 18.00 - 18.45.
Påmelding innan onsdag kveld til Gunnar Bråten 56 51 26 98 eller mobil 911 79 820.

Spar pengar, betal startkontingent for heile sesongen:
Born kr 200, vaksne kr 500, familie kr 800.

Prisen inkluderer startkontingent for 7 rekrutt/treningsløp, 6 Vossacup-løp, 3 nattløp og Vossagampen. Kan betalast kontant eller til konto 3480 11 86892.

PS! Medlemskontingent for Voss IL skal betalast til Mamut - giroar kjem snart.
Vaksne kr 300, born kr 200.

Vossingar i Vesterled
Fleire godt vaksne vossingar har gjort det svært så bra på sommarløp i Wales. Løpa som gjekk over 6 dagar vart avslutta laurdag 28. juli. På samanlagtlista kunne ein stryke dei to dårlegast resultata.

Jan Frode Seim i H50 lang vart nr 3 totalt i ein klasse med ca 90 deltakarar. Han vann to løp.
Marta Ringheim i D65 kort vart nr 7 samanlagt, med ein andreplass og ein tredjeplass som best.
Svein-Erik Heggenes i H65 kort vart nr 2 samanlagt, med ein fyrsteplass og to andreplassar som best.
Og Knut Skiple i H70 kort vann dei fire første løpa og også klassen samanlagt. På dei to siste løpa prøvde han seg i H70 lang. Det enda med ein andreplass og ein sjuende plass.

O-gruppa gratulerer!

Voss Up - 6. okt på Torget
Voss IL hadde stand på Voss Up-dagen på torget. Diverre var det berre O-gruppa som viste seg fram. Dei kunne tilby "prøve" på Foto-O, med ei mini-løype på og rundt torget. Over 30 personar prøvde løypa og dei fleste synes det var morosamt. 7 av dei som prøvde, vann ein vanleg Foto-O, som gjeld fram til nyttår.

Voss Up-dagen var fin den, men synd det kolliderte med Open gard på Jordbruksskulen, Hangurslia opp og start på haustferien.
Til neste år blir nok dagen rett etter skulestart.

Resultat frå 1. VC
O-sesongen er godt i gang. Så langt er tre treningsløp og eitt Vosscup-løp avvikla. Antal deltakarar er over all forventning, med eit gjennomsnitt på ca 60.

Resultat- og strekklister for første Vossacup er utlagt under "Resultat" og "-VC-2012". Her kan du samanlikna tider klassevis og løypevis.

Vellukka Fjord-O 2012
Vel blåst Fjord-O 2012. Det vart fire fine dagar for arrangørklubbane Voss IL, Varegg og Gular. Tilbakemeldingane så langt har vore gode.

Dei lokale løparane gjorde det svært så godt, med både sigrar og resultat høgt oppe på listene.

Når det gjeld dugnadsarbeidet viste alle ein imponerande innsats, både før, under og etter sjølve løpa.

Takk til ALLE som hjelpte til. Utan dykk, ikkje noko arrangement.

Bonuspost 34B på Bulko sundag 30. sept
34 små og store oppsøkte posten mellom kl 12 - 15 og fekk 25 ekstra Tur-O poeng. Alle fekk saft eller kaffi. Dei fyrste fekk også hyttebakte bollar. Men det var kjeks og sjokolade til dei som kom litt seinare.

Dei andre 40 Tur-O postane står til etter Haustferien, dvs t.o.m. sundag 14. oktober. God tur!

På Bonuspost i år som i fjor: Familiane Andresen og Gullbrå

Natt-orientering
Resultat-/strekklistene for nattløpa 19.09, 26.09 og 03.10 er utlagt under
"Resultat" og "VC-2012"

Onsdag 3. okt i Prestegardsmoen v/Idrottshallen (på nedsida mot vest).

Påmelding frå kl 20, start innan kl 21.

2 løyper, ca 2km og 3km.

OBS! Nattløp høver best for litt røynde løparar. Born og unge kan eventuelt starta i lag med mor, far eller vener.

6. Vossacup torsdag 13. september
Løpet er også Vossameisterskap i sprint. Løyper for alle.
Kart: Bømoen, målestokk 1:5000
Start frå kl 18.00.
Frammøte: Parkeringsplassen før leiren.

OBS! Premie til alle born og vaksne + 1 stk trekkepremie til born og unge 13-20 år.

Påmelding innan onsdag kveld til mobil 952 07 054.

ALLE velkomne!

8. treningsløp i Bømoen
8. og siste treningsløp i Bømoen/Palmafossen onsdag 5. sept kl 18 - 19.
Parkering ved klubbhuset til Viljar.
Merkt til samlingsplass. Kort veg å gå!
Løyper/trening for alle, frå 0 - 100 år.
Småtroll, nybyrjarløype og postplukk.

Alle velkomne!

5. Vossacup i Herresåsen torsdag 30. august
Kart: Herresåsen
Start/mål: Voss ski- og tursenter.

Løyper for ALLE.
Påmelding innan onsdag kveld til Kjellaug eller Bernt,
mobil 950 48 021 eller 930 16 574.

OBS! Hugs bompengar.

Vossacup - orientering på Liaset
4. VC på Liaset torsdag 23. august kl 18.00 Merkt frå Kløve.
Løyper for alle frå småtroll utan kart til dei skikkeleg røynde.
Premie til alle t.o.m 12 år. Trekkepremiar for 13 - 20 åringane.

Påmelding på tlf 56 51 84 94 eller mail: knut.skiple@c2i.net

VELLUKKA FINN FRAM-DAG - sjå lekkja  
Minst 150 personar var innom aktivitetane på Finn Fram-dagen. Nokon kom berre for å kjøpa seg Tur-O, andre deltok på ALT: BingO-løype, Småtroll og Sprintløype med tidtaking. Og dei fleste handla i kafeen.

Men INGEN hadde med seg brukte mobiltelefonar.

På post nr 11 i BingO-løypa hadde Borna sitt Turlag tilbod om balanse på slakk line og kaste kongler i bøtte.

Folk kosa seg i finværet. Mange fekk sitt fyrste møte med orienteringssporten. Og vonaleg ikkje den siste.

Takk til alle som hjelpte til - og takk til alle som kom.

Rekrutt- og treningsløp i Storåsen
Onsdag 15. august kl 18 - 19.30 (siste målgang).

Frammøte/parkering på lunneplass oppom Helleve. Merkt frå Ygre.
OBS! Bompengar kr 30 - betal før start.
Løyper for alle frå småtroll til røynde.

Alle velkomne!

Fjord-O 2012
Tysdag 26. juni "braka det laus" med over 500 unge og eldre o-løparar oppi Storåsen. Været var topp, passe varmt og passe kaldt! Ikkje klegg, mygg eller fluger. Samlingsplass var topp, løparane fann fram og premieutdelinga var stilfull!

Onsdag og torsdag er Voss ski- og tursenter arena for løpa. Løpskontor på arena frå kl 14.30 og fyrste start kl 17.
Fredag avsluttar ein med sprint inni Bømoen. Fyrste start kl 10.
Høve til etterpåmelding fram til fyrste start - så sant det er nok kart.

Arrangørar er O-gruppene i Voss IL, Varegg og Gular.

Fjord-O er eit internasjonalt sommar-o-løp for heile familien. Deltakarane kjem frå nord til sør i Noreg, og mellom anna frå England, Sverige, Finland og Russland.

Vinnarane får tøffe t-skjorter og kan også vinna seg tandem-hopp!

Borna sin dag på Hanguren - Bonuspost 19B flytta
O-gruppa si "Bingoløype" ved Hangursrestauranten var svært populær. 116 born fekk Bingo og også ein liten premie.

BONUSPOST 19B måtte flyttast grunna mykje snø og store bekkar innover mot Raude Kross-hytta. Den "nye" bonusposten vart ein skrent sør/aust for post 25. Besøket var svært bra, med 29 "innfødde" og eit hollandsk ektepar. Alle som var innom posten fekk saft eller kaffi og kunne plusse på 25 Tur-O poeng.

Rekrutt- og treningsløp i Bømoen
Siste rekrutt- og treningsløp før sommarferien onsdag 13. juni kl 18 - 19.
Start og mål aust for Fallskjermklubben, ca 5 min å gå frå parkering.
Løyper for alle, frå småtroll til dei røynde.
Alle velkomne!

3. Vossacup torsdag 7. juni kl 18
OBS! OBS! Løpet er flytta frå kartet Potten til kartet Lemmesmarki, med start/mål på Kyte. Parkering ved saga, 5 - 10 min å gå til samlingsplass.
Løyper for alle, frå småtroll til XL.

Påmelding innan onsdag kl 22.00 til mobil 414 65 683 (Aina)

ALLE velkomne!

Rekrutt- og treningsløp i Bømoen
Stor aktivitet på rekrutt- og treningsløp i Bømoen onsdag 30. mai, men diverre ikkje så mange rekruttar. Dei som kom fekk iallefall ei fin treningsøkt. I tillegg til småtroll, nybyrjar og kort løype, var det einmanns-stafettar med løypelengder frå 2,9 km til ca 5 km og 2-3 etapper. Kort forklart måtte ein gjennom 2 eller 3 sløyfer/etappar - aleine.

Fyrste Vossacup i Bømoen torsdag 10. mai kl 18
Frammøte og start på "skråstripa", dvs den sørlege flystripa som ikkje er asfaltert. Følg merking frå Palmafossen.
Løyper for alle, frå småtroll utan kart til dei skikkeleg røynde.
Småtroll og nybyrjar fri start frå kl 18 - 18.30.
ALLE velkomne.

Førehandspåmelding innan onsdag kl 21.00 til Gunnar eller Trude Bråten:
911 79 820
416 31 926
56 51 26 98

Særs viktig med førehandspåmelding for born og unge, grunna premiering.

MOBILRETUR: Har du ein eller fleire gamle mobiltelefonar liggjande? Ta dei med og lever dei til oss. Du støttar Voss IL med kr 35 pr innlevert mobil. Og du hjelper til med å verne miljøet. Takk

O-skule og treningsløp torsdag 3. mai
Kart Bømoen, start/mål v/Palmafossen skule.

O-skulen startar kl 18, treningsløp start kl 18 - 19.
Inga ekstra kostnad for O-skulen - berre vanleg startkontingent (kr 20) eller sesongpris.

Sesongpris tyder at ein betaler:
kr 200 for born eller
kr 500 for vaksne eller
kr 700 for familie
og kan delta på ALLE rekrutt-/trening-/VC- og nattløp i løpet av sesongen.
Her er det mange kroner å spara - og tenk så enkelt å sleppa å ha med pengar på kvart einaste løp!

OBS! OBS! Me tek i mot gamle mobiltelefonar!

Finn Fram-dag i Bømoen sundag 22. april
O-gruppa sin familiedag, Finn Fram-dagen, i Bømoen sundag.

Stad: Start og mål ved leiren.
Tid: Kl 15.00 - 17.00 (siste målgang).
Kva: Ymse tur- og O-aktivitetar for heile familien.
Småtroll utan kart, sprintløype i målområdet og BingO-løype.
Borna sitt Turlag har aktivitetar ved ein av postane.

Premie til alle born med "full bingo".
Trekkepremiar mellom alle som registrerer seg.

Pris: Gratis!
Utekafé, sal av Tur-O, Barne-Tur-O og Foto-O.
(Kr 150, kr 50 og kr 10)

INNSAMLING AV BRUKTE MOBILTELEFONAR!

Alle velkomne!

Tur-O heile året
Pr 28. februar er det brukbare tilhøve for Tur-O vintertid i Bømøen.
Bra med snø og sporsette løyper.
Men vis aktsemd utanfor løypene.
Det er mange rotvelter og knekte tre.
For meir info, sjå margen til høgre.

Vintertrening 2012
Bli med på vintertreninga på Palmafossen skule tysdagar frå kl 19.15 - 20.15. Ope for alle frå ca 10 år, gjerne i lag med foreldre.

Styrketrening og O-teknikk, leik og moro. Også barmark og skitur(ar).

Spørsmål? Ta kontakt med Aina (414 65 683) eller Unni (957 52 890).

Terminlista finn du HER

Treningssamling for unge - klikk her:  
O-gruppa i Voss IL inviterer born og unge til treningar fram mot Fjord-O 2012.

Neste trening er 11. og 12. februar

Harald mobil 909 63 728 eller Kjellaug mobil 950 48 021
O-gruppa ynskjer alle eit godt nytt år!

18 deltakarar på Ski-orientering
Fin temperatur, flotte løyper og lett snødryss då O-gruppa arrangerte årets fyrste ski-o-løp. Start og mål ved Fallskjermklubben. Aina og Unni hadde laga ei løype med 10 postar. Dei fleste fann fram til alle postane.

Desse deltok (i alfabetisk rekkefylgje):
Ellen Astrup
Hallvard Augland
Kaspar Augland
Kristoffer Augland
Pål Augland
Anders Bø
Dag Christensen
Ida Christensen
Kjellaug Grødem
Daniel Hatland
Harald Hatland
Hildegunn Hatland
Jakob Hatland
Synnøve Hatland
Svein Erik Heggenes
Bernt Heggøy
Hildegunn Heggøy
Torstein Molland

Innetrening på Palmafossen skule
Born, unge og vaksne er velkomne til trening på Palmafossen skule
kvar tysdag kl 19.15 - 20.15.
Tren styrke, kondisjon og o-teknikk i lag med andre.
Alle velkomne, medlem i O-gruppa (Voss IL) eller ikkje.

På fyrste treninga kom det 7 personar!

Treninga høver frå ca 10 årsalderen.
Yngre born bør koma i lag med føresette eller eldre søsken.

Stort frammøte på Tur-O post 15K
Sjølv om det var mange andre arrangement på Voss sundag 4. sept, fann over 30 personar vegen til post 15K ved Langasetvatnet.
Av desse var ca halvparten i alderen 1 1/2 - 12 år.
Alle dei frammøtte kunne notere seg for 25 ekstra Tur-O poeng.
Og alle fekk saft og twist; dei vaksne fekk også kaffi.

Været var brukbart lenge og temperaturen var fin, opp mot 20 grader.
I 12.30 tida byrja det diverre å regne, men pytt, pytt....

Velkomen attende til nye bonuspostar neste år!

Og hugs at Tur-O postane står ute til 17. oktober (etter haustferien).

Stort frammøte på samkome m/premieutdeling
Samkoma i klubbhuset til Viljar samla mange små og store O-løparar. Det vart ikkje talt, men det var stolar til godt over 60 og dei fleste var opptekne!

På menyen stod rundstykker, smørbrød, kaker, vafler, saft, kaffi og te. Og maten gjekk unna.

På programmet stod utdeling av Tur-O merke og Barne-Tur-O merke (nytt i år). Kjekt at mange av dei som skulle ha Tur-O merke møtte fram. Ein person hadde alle Tur-O postane og begge bonuspostane og kunne notere seg for 450 poeng: Ottar Bakketun.

VM-pokalane (Vossameisterskap, lange løyper) gjekk i år til Kjellaug Grødem, mellom-løype og Håvard Skattum, XL-lang løype.

Rekrutteringspokalen gjekk til ein trufast deltakar som har vore med i mange år, frå nybyrjar, via kortløype og no til mellomløype: Anton Sæten.

Bestemannspremien gjekk til Synnøve Hatland for gode løp i år og uttak til O-idol i Asker i september.

Born med minst 5 løp/arrangement og vaksne med minst 10 løp/arrangement kvalifiserte til samanlagtpremie. Premiane i år var Trimtex-huer eller Buff. Ungdomane frå 13-20 år fekk velge først, så dei i alderen 6-12 år, 0-5 år og til slutt dei vaksne. Dei fleste valde seg ei hua, medan nokon synes Trimtex-buffen var kjempefin.

Heilt på slutten vart det sal av gule O-legger til "gibortpris" og høve til å kjøpe seg den nye, flotte O-drakta.

Og no kan alle Tur-O-frelste gle seg:
I haust/vinter/vår blir det også Tur-O i Bømoen!
Oppstart snart, 10. nov 2011 - 10. april 2012.
Ta postane til fots når det IKKJE er snø.
Ta dei på ski når det er snø!
OBS! IKKJE gå til fots i sporsette skiløyper!

Meir info om opplegget kjem seinare!

Årsmøte i O-gruppa 21. januar 2011
I hovudstyret sit no:

Marianne Bakketun - leiar
Trude Bråten - nestleiar
Ranveig Iversen - kasserar
Pål Augland - styremedlem
Hildegunn Heggøy - styremedlem
Harald Hatland - 1. vara
Ellen T Astrup - 2. vara

Samkome med premieutdeling
Sundag 23. oktober kl 17.00 - ca 19.00 i VILJARHUSET, Palmafossen.
Matøkt med smørbrød/rundstykker, kaker, vafler, saft og kaffi.

Premie til alle born med minst 5 løp/arr og alle vaksne med minst 10.
Utdeling av Tur-O og Barne-Tur-O merke. Pokalar for Vossameisterskap.
Utdeling av rekrutteringspokal og Hordalands-pokalen ("bestemannspremie").

Sal av gule O-legger til "gibortpris", kr 100 pr par.

Velkomne!

PS! Er du usikker om du skal ha premie? Sjå under Samanlagtpremie til høgre.

Vossing i toppen!
Fleire vossingar har vore på o-løp både i inn- og utland i løpet av sommaren og dei har hevda seg bra.

Familien Heggøy/Grødem har delteke på Midnattsolgaloppen i Malangen og Tromsø.
Familien Bråten deltok på Sørlandsgaloppen i Skien/Drangedal.

4 løparar har vore til Skottland og delteke på The Schottish 6 Days. Knut Skiple gjorde det svært så bra, med to sigrar, ein femte og ein ellevte plass som teljande.

Laurdag 6. august deltok Hildegunn Heggøy og Synnøve Hatland på Hovudløp sprint i Fagernes sentrum. Jentene hadde fine løp og havna sånn ca midt på resultatlista.

Sundag 7. august var det klart for langdistanse på Beitostølen og begge jentene kan vera stolte av innsatsen. Dei beste 16 åringane i landet er svært gode og avstanden opp var ikkje avskrekkande!

Sesongen snart slutt - velkomen til natt-o-løpa
Løp 4 har start og mål v/Voss Gymnas, "nye" gymsalen, torsdag 29. sept.

Sprintkart Prestegardsmoen målestokk 1 : 4000.
Påmelding frå kl 20.00. Fyrste start kl 20.30.

3 korte løyper i området Skulehaugen og Idrottsplassen - ta ei, to eller tre løyper!

Born og unge må gjerne delta i lag med foreldre eller vener.

Refleks-stav på ALLE postane!

Pris kr 20 (born) eller kr 30 (vaksne) for dei som IKKJE har betalt inn sesongpris. Brikkeleige vaksne kr 20.

ALLE velkomne!

PS! 22 deltakarar på nattløp 3 på Palmafossen tysdag 27. sept.

Vellukka aktivitetsdag i Voss IL
Over 50 små og store var innom O-gruppa sin "stand" med ei småtroll-løype utan kart og ei lett løype m/kart, 800 m.

O-gruppa sitt neste arrangement er 6. Vossacup/VM sprint i Prestegardsmoen torsdag 15. sept frå kl 18. Premie til alle born t.o.m 12 år. Trekkepremiar for unge i alderen 13 - 20 år.

Løyper for ALLE, frå dei minste frå ca 1 år til godt vaksne.... gjerne opp mot 100 år. Alle velkomne, medlemer i Voss IL eller ikkje!

6. Vossacup torsdag 15. sept kl 18 - sprint
Sesongen nærmar seg slutten. Siste Vossacup går som sprint på kartet Prestegardsmoen, målestokk 1 : 4000. Løyper for ALLE:
Lang løype, ca 2.5 km
Mellom løype, ca 2 km
Kort løype, ca 1.5 km
Nybyrjarløype, ca 1 km
Småtroll 4-500 m utan kart.
Premie til alle born t.o.m. 12 år. Trekkepremiar for 13 - 20 år.
Påmelding innan onsdag 14. sept kl 20 til Ranveig Iversen,
e-post ranveigi@online.no eller mobil 984 00 308.

Alle velkomne!

Aktivitetsdag laurdag 10. sept kl 13 - 16
I høve Voss IL sitt 125 års-jubileum i år, blir det aktivitetsdag for ALLE grupper laurdag fyrstkomande på og ved Idrottsplassen/Prestegardsmoen.

Barn, unge og vaksne er velkomne til leik, konkurransar og moro: O-løyper for små og store (barnevognvenlege), gymleik, trampett og dans, friidrett, tennis, symjing. Du vel sjølv kor mange aktivitetar du vil delta på!

Møt på Idrottsplassen kl 13.00 og ta med utstyr og kle for uteaktivitetar på idrottsplassen og i o-løyper, for gymleik og dans i Idrottshallen og badetøy for aktivitetar i innebassenget. Gratis frukt og kaker i kafeen.

Trekking av premiar og avslutning ved Idrottshuset kl 15.45. OBS! 1 gratis lodd pr pers pr aktivitet ein prøver/deltek på.

Alle aktivitetane er gratis og alle er velkomne!

Rekrutt- og treningsløp i Bømoen onsdag 7. sept.
Påmelding og start frå kl 18 - 19. Siste målgang kl 19.30.
Postplukk for store og små + småtroll.
Parkering ved Viljarhuset og/eller garasjen. Merkt til samlingsplass, ca 300 m sørover - i den nye "gapahuken" til Palmafossen skule.

Pris for dei som ikkje har betalt sesong:
Vaksne, 17 år og eldre: kr 30.-.
Born kr 20.-. (inkl småtroll)
Berre småtroll kr 10.-.

ALLE velkomne!

VM/VC5 på Bulko 1. sept. kl. 18
Vossameisterskap/5. Vossacup torsdag 1. sept på parkeringsplassen Bulko.

Resultat-/strekkliste finn du under "Resultat" og "-VC-2011"

Løyper: X-Lang 5,2 km (kart 1:10 000),
Lang 4,2 km (kart 1:10 000),
Mellom 2,9 km (kart 1:7500),
Kort 1,6 km (kart 1:7500),
Nybyrjar 1,3 km (kart 1:5000)
og Småtroll.

Hugs bompengar til Bulko.

Påmelding på tlf. 952 07 054, eller e-post: svein-h@online.no
innan onsdag 31.08.11 kl. 21.00.

Premie til alle born til og med 12 år. Trekkepremiar for 13 - 20 år.

Alle velkomne!

Treningsløp i Storåsen onsdag 17. august
Sommaren er på hell og o-sesongen startar opp att for fullt onsdag 17. august. Merk at dette treningsløpet vil gå i Storåsen. Påmelding og start frå kl 18-19.
Parkering ved Gulleikstreet, merkt til samlingsplass.

Kjempedeltaking på rekrutt- og treningsløp 4. mai
Interessa for O-løp har verkeleg teke av i år! Nok eit rekrutt- og treningsløp med over 70 deltakarar!
.

O-draktene er komne
Dei nye O-draktene er endeleg komne! Og dei er kjempefine!

Dei som ikkje har fått prøvd/er usikre på type og størrelse, må avtale tid for kjøp og prøving. Send ein mail el ein SMS. Likeeins må dei som har tinga, avtale tid for henting/levering.

Prisar:
Trøye Extreme m/kort arm: Born (t.o.m. 20 år) kr 400 - vaksne kr 525
Bukse Extreme m/korte bein: Born (t.o.m. 20 år) kr 250 - vaksne kr 325

Trøye Basic m/kort arm: Born (t.o.m. 20 år) kr 350 - vaksne kr 500
Trøye Basic m/lang arm: Born (t.o.m. 20 år) kr 350 - vaksne kr 500
(OBS! Lite utval i små str)

Bukse Basic (mørk blå) m/lange bein: Vaksne kr 275

Bukse Basic (himmelblå) m/korte el lange bein: kr 200 / kr 250
"Gamle" Basic trøyer (kvite) m/kort el lang arm: kr 200 / kr 300

BONUSPOST 37K med stort besøk
Sundag 26. juni kl 12.00 - 15.00 var Bonuspost 37K i Storåsen open.
19 små og store fann vegen til posten og sikra seg 25 ekstra Tur-O poeng.
Det var servert saft, kaffi, vafler og twist.

Været var nesten for fint og dermed kom også eit par tusen gjester som ikkje var så kjekke: FLUGER!

Neste Bonuspost er open 4. september ved Langasetvatnet.

Velkomne!

Over 60 påmeldt til Vossagampen
Måndag 13. juni er det klart for årets Vossagamp, med løyper frå 3.9 km til 12.8 km. Frammøte på vinterparkeringa på Bulko frå kl 12.00. Fellesstart alle løyper kl 13.00 på Stuaset, ca 15-20 min å gå frå parkering.

Etterpåmelding på samlingsplass så sant det er nok kart!

Kontakpersonar:
Marianne Bakketun, mobil 992 78 936
Svein-Erik Heggenes, mobil 952 07 054
Ottar Bakketun, mobil 938 99 441

Frå rekorddeltakinga i 2010 med 132 løparar på startstreken.
Foto: Dagfinn Hole

Finn Fram-dag sundag 1. mai
Fint vær, masse folk og kjempegode tilbakemeldingar. Nok eit vellukka arrangement.
Borna sitt turlag våga ikkje tenne bål og det vart inga grilling, men likevel var det nok av ting å prøve/vera med på:

O-sti, ei løype på ca 1400 m med 10 O-spørsmål.
Småtroll-løype. Merkt løype utan kart til Borna sitt Turlag sin "stand".
Sprintløype med tidtaking. Svært populært.
Labyrintløype med tidtaking. Populært, vanskeleg og kjempegod o-teknisk trening!
Sal av vanleg Tur-O, Barne-Tur-O og Foto-orientering.
Utekafe med sal av vafler, bollar, kaker og kaffi. Saft til borna.

Torsdag 9. juni kl 18 - 3. Vossacup
3. Vossacup på kart Lemmesmarki med parkering ved Saga på Kyte (ikkje så langt frå Grimshalli). Løyper for alle, frå småtroll til XL på 5-6 km.
Påmelding innan onsdag 8. juni kl 22.00 på tlf 56 51 75 12 eller 930 16 574.
Premiering til alle born t.o.m. 12 år. Trekkepremiar for dei frå 13-20 år.

Nye O-drakter - over 30 personar har alt tinga!
Dei nye O-draktene er tinga og fargar/design blir omtrent som på foto.
For å imøtekoma dei fleste, blir desse typane tilgjengelege:

Extreme trøye m/kort arm, fleire typar stoff, glidelås i halsen.
Extreme bukse kort, netting bak, lita lomme bak.
Basic trøye m/kort arm og v-hals, netting stoff.
Basic trøye m/lang arm og v-hals, netting stoff.
Basic bukse m/lange bein. Vanleg stoff som på dei gamle buksene.

2. Vossacup i orientering i Storåsen 26. mai
Første start kl 18. Merkt frå Palmafossen. Løyper for alle, frå småtroll til x-lang. Premie til alle born opp til og med 12 år. Trekkepremiar (kino-billettar) for aldersgruppa 13-20 år.

Påmelding innan onsdag kveld til Elisa-Beth, mobil 976 59 355.
Startkontingent kr 20 (berre småtroll), kr 30 (born opp til 16 år) og kr 60 (vaksne, maks kr 130 pr familie (eller sesongpris).

Alle velkomne!

Vossacup-løp i Bømoen torsdag 12. mai kl 18
Velkomen til første løp i Vossacupen torsdag 12. mai.
Kart Bømoen. Start og mål inni Bømoen, aust for leiren. Merkt frå Palmafossen.
Første start kl 18. Løyper for alle, frå dei minste utan kart til dei mest røynde.
Løyper og klassar:
Småtroll, utan kart, 200-500 m, frå 2 år til ca 12 år
N, Nybyrjar, 1.5 km, D/H -12N, D/H 13-16N, D/H 17-N
Kort, C-nivå, 2 km, D/H 11-12, D/H 13-16C, D/H 17-C, H70
Mellom, B/C nivå 2,5-3km, D/H 13-16, D/H 17K-, H60
Lang, A/B nivå, 4 km, D/H 15-, H50
X-lang, A nivå, 5-6 km, D/H 17-

Pris kr 20 (berre småtroll), kr 30 (born opp til 16 år inkl småtroll), vaksne 17 år og eldre, kr 60. Maks kr 130 for familie. Eller betal for heile sesongen!

Premie til alle born til og med 12 år. Trekkepremiar (kinobillettar) for dei mellom 13-20 år. Ca 1/3 premiering, dvs 1 premie pr tredje deltakar.

Førehandspåmelding innan onsdag 11. mai til Gunnar eller Trude Bråten,
tlf 56 51 26 98

Finn Fram-dag sundag 1. mai
O-gruppa og Borna sitt turlag inviterer til Finn Fram-dag i Bømoen v/leiren sundag 1. mai.
Påmelding og start frå kl 11. Siste målgang kl 14.
Kr 20 pr pers, kr 50 pr familie.
Prøv labyrintløype, sprintløype, O-sti, småtroll, grille pinnebrød.
Sal av Tur-O. Utekafe med sal av kaffi, kaker, bollar og vafler.
Saft til borna.
ALLE VELKOMNE!

Alternativ til skigåing?
Siste nytt frå O-gruppa er FotO-orientering på Vangen og i Prestegardsmoen!
Fram til 30. april er det høve til å kjøpe kart med FotO-oppgåver for Vangen og Prestegardsmoen, DEL 1. Del 2 kjem 1. mai, del 3 kjem 1. sept.
Til sals hjå m.a. Statoil og Turistkontoret. Pris kr 30 pr del.

På detaljert kart for Vangen og Prestegardsmoen
(målestokk 1:4000 - 1 cm på kartet = 40 m i terrenget)
er det 12 postar og på arket som høyrer til er det 12 foto,
der kvart foto høyrer til ein av postane.

Oppsøk ALLE postane, finn kva foto som høyrer til kva post
og send svaret på e-mail til: ogruppa.voss@gmail.com.

Trekking 1. mars (for dei som har sendt inn innan 1. mars) og
1. mai (for dei som har sendt inn innan 1. mai).
3 Flax-lodd på kvar trekking! Hugs navn, adresse og gjerne tlf.
(Turistar frå utlandet kan vinna ein souvenir frå Voss).

Tek ein alle postane i rekkefylgje 1-12 er strekninga ca 4 km.
Oppsøk kor mange postar du vil, når du vil og i valfri rekkefylgje.

Pr 4. januar ligg det ein del snø på Vangen og i Prestegardsmoen, men FotO-detaljane bør vera greie å kjenne att.

Lukke til!

PS! Grupper, skuleklassar og andre som ynskjer å kjøpe minst 20 kart, får desse til ein pris av kr 20 pr "del". Ta kontakt på e-mail.

Biletet under viser ein detalj av eit foto - kva post kan det vera?

Ski-orientering
Kald, men vellukka skiorientering laurdag 19. februar.
Det kom 23 deltakarar.

Ski-orientering laurdag 19. februar kl 12-15
Voss IL blir 125 år måndag 21. februar.
O-gruppa sitt jubileumsarr. er ski-orientering i Bømoen laurdag 19. februar kl 12-15.
Kr 20 pr kart (kr 50 pr familie).
Sal av kaffi, kaker, bollar og saft.
Premiering på "startnummer".
Alle velkomne!

Deler av terminlista for sesongen 2011 er klar!
Årsmøte m/fest for vaksne i Idrottshuset - fredag 21. januar kl 19.00.

Ski-orientering i Bømoen laurdag 19. febr - så sant det er snø!

Sesongstart med treningsløp onsdag 13. april - Prestegardsmoen.

Finn Fram-dag sundag 1. mai kl 11 - 14 i Bømoen, leiren.

Tur-O i Bømoen, i Storåsen og på Bulko. Barne-Tur-O i Bømoen.

FotO heile året i Prestegardsmoen. Opplegget vil høva for alle som bur på Voss eller berre er på gjennomreis. Meir info kjem!

Vossagampen måndag 13. juni (2. pinsedag).
Gular skal arrangere løp i Myrkdalen pinseaftan og fyrste pinsedag.

Storsamling og O-galla
Kjellaug Grødem og Marianne Bakketun har delteke på Storsamling og
O-galla på Gardermoen 6. - 7. nov.
Det vart ei minnerik helg med massevis av inspirasjon
og samvær med andre O-entusiastar.

Eit av seminara var om Finn Fram-dagen -
der me frå Voss fortalde og viste bilete frå dei mange
Finn Fram-dagane me har arrangert.

Meir om Storsamlinga kjem!

På bilete over er leiar i sving med O-teknikk - på bøtter!

Hugs årsmøtet fredag 21. januar
Stad: Idrottshuset på Vangen
Tid: Frå kl 19.00

Vanlege årsmøtesaker.
Saker som skal opp på møtet må meldast styret innan 17. januar.
Samkome for vaksne rett etter årsmøtet.
Matøkt (gratis), men ta med eiga drikke av valfri sort.

Samkome i O-gruppa 24. okt kl 18-20
Biletet viser premieutdeling for småtroll. Frå venstre til høgre:
Peder, Gudmund, Gerd Karine, Trym, Henriette, Rannveig Elise
(og storebror Lars Andreas som deltok i H11-12).

Samkoma sundag 24. okt kl 18-20 på Palmafossen skule samla ca 50 personar.
Programmet var som fylgjer:
Oppsummering av alle Finn Fram-dagane (innlegg på O-gallaen).
Info om komande sesong(ar). Voss IL 125 år i 2011. Fjord-O på Voss i 2012.
Matøkt. Premiar frå trenings- og Vossacup-løp. Over 40 premiar på Vossacup og 19 på treningsløp. Merkeutdeling for Tur-O. Aldri før har det blitt innlevert så mange kontrollkort! Barne-Tur-O har vore svært populær, med deltakarar frå mange deler av landet.
Rekrutteringspokalen gjekk til Daniel Hatland.
"Bestemanns"-pokalen nok ein gong til Jan Frode Seim.

Jubileumsskrift for Voss IL
O-gruppa har fått 9 sider og mange fargebilete i Jubileumsskriftet.
Opplaget er ikkje av det største, så nytta høvet til å kjøpe heftet i god tid før jol.
Til sals på stand hjå Mega frå 13. des, på Amfi frå 16. des og i bokhandlarane frå 11. des.

Jan Frode Seim nr 7 i VM sprint
Veteranmeisterskapet i orientering går for tida i Sveits.
O-gruppa i Voss IL er representert med 4 løparar:
Erling Rørlien H75, Svein-Erik Heggenes H65, Marta Ringheim D60 og
Jan Frode Seim H50.

1. kvalifiseringsløp langdistanse 3. aug - Jan Frode nr 10 i sitt heat.
2. kvalifiseringsløp langdistanse 4. aug - Jan Frode nr 10 i sitt heat.
Jan Frode klar for A-finale, 6.6 km, fredag 6. aug. Resultat 45 plass av 80!

Erling Rørlien H75 stiller i B-finale, Svein-Erik Heggenes H65
er i E-finale og Marta Ringheim D60 i C-finale.

Finale sprint, 1. aug - Jan Frode Seim nr 7, berre 1.28 bak vinnaren!
Klasse H50 talde nesten 300 deltakarar!
Følg med her: http://www.wmoc2010.org/

Foto: Guillaume Perret - frå kvalifisering 4. aug.
Løpar i D60, H70 og H50 på veg ut frå ein post i tjukkaste skogen.

KM lang og KM stafett i Odda 4. - 5. sept
Medaljer og preimiar i "bøtter og spann" for O-gruppa i Voss IL på KM lang og KM stafett i helga. Kartet heitte Skare og var heilt nytt og terrenget var svært krevjande med skrentar og stup, tett skog, skråli, steinar og litt myr.

KM lang, H13-14: Daniel Hatland nr 6
KM lang, D15-16: Hildegunn Heggøy nr 1, Synnøve Hatland nr 3
KM lang, H50: Jan Frode Seim, nr 1
KM lang, H40: Kjetil Dyrvik, nr 22
KM lang, D50: Kjellaug Grødem og Marianne Bakketun, diska!

Ikkje KM-klassar:
H11-12: Jakob Hatland, nr 3
H35K: Harald Hatland, nr 1

Jentestafetten sundag vart litt spanande! 3 el 4 lag i klasse D13-16 veksla "leeenge" før Voss. Synnøve Hatland hadde ikkje sin beste dag på startetappen, forkjøla som ho var, men håpet om medalje var absolutt til stades. Hildegunn Heggøy såg lite til konkurrentane og dei lite til henne, for Voss vann suverent, nesten 10 min før lag nr 2!

I open klasse hadde Voss eit lag, Kjellaug Grødem, Daniel Hatland og Harald Hatland. Alle gjorde gode etappar, spesielt unge Daniel, men diverre, det vart ei feilstempling på pappa Harald og dermed disk!

Biletet viser dei glade gulljentene etter stafetten! Foto M. Bakketun

DM i orientering i Førde 21. og 22. august
D15-16: Hildegunn Heggøy nr 1, Synnøve Hatland nr 2.
H50: Jan Frode Seim nr 7.

Hildegunn og Synnøve deltok også på Mixstafett i lag med ein gut frå eit anna lag.
Dei vart nr 2, berre 29 sek bak vinnarlaget. Flott innsats!

Hugs 4. nattløp torsdag 30. sept kl 20
OBS! OBS! Frammøte ved store skuleplassen på U-skulen.
Fyrste start kl 20.30.
Kart Prestegardsmoen, målestokk 1 : 4000.

Startkontigent kr. 20 pr pers.

HUGS 6. VC/Vossameisterskap Sprint 16. sept kl 18
Torsdag 16. sept det klart for 6. Vossacup-løp/Vossameisterskap i sprint.
Kart Prestegardsmoen, samlingsplass ved utescena på Prestegardslandet.
Parkering på Tinghusplassen. Fyrste start kl 18.
Påmelding innan onsdag kveld til Marianne Bakketun,
mobil 992 78 936 eller på e-post marianne.bakketun@gmail.com
Hugs navn, brikke, klasse/løype. Gratis brikkeleige for born.

Løyper for alle! Lang 2,4km, klasse D/H 17-, D/H 15-, H50.
Mellom 2,1km, klasse D/H 13-16, D/H 17K-, H60.
Kort 1,6km, klasse D/H 11-12, D/H 13-16C, D/H 17-C, H70.
Nybyrjar 1,2km, klasse /H -12N, D/H 13-16N, D/H 17-N.
Småtroll som foto-orientering. Premie til alle born under 17 år.

Kartet har sprintnorm/målestokk 1:4000. Vil du læra meir om sprintnormen?
Sjå her: http://www.orientering.no/files/%7B2B4DB154-D6C5-4523-A896-E63788B788B9%7D.pdf
HUGS at det IKKJE er lov å passere høge gjerde og gjennom gravplass og hagar!

Vaksne kr 40, born kr 25, småtroll kr 10. Maks kr 100 pr fam.

Alle velkomne!

Treningsløp i Bømoen onsd 1. sept kl 18-19
Påmelding og start ved garasjen i Bømoløypa. Siste målgang kl 20.
Løyper for alle, inkl småtroll utan kart.
Småtroll gratis, born til og med 16 år kr 10, vaksne kr 20.
Gratis lån av EKT-brikke for born.

Parkering ved Viljarhuset eller garasjen.

Sal av Tur-O; kr 50 for Barne-Tur-O og kr 150 for "vanleg" Tur-O.

Alle velkomne!

4. VC i orientering 26. aug
Kart Lemmesmarki med frammøte på Fjosestølen. Merkt frå Urdland.
Påmelding til Knut Skiple, 917 10 594, innan onsd kveld.
OBS! Fyrste start kl 18.00. Løyper for alle, frå småtroll til røynde.
Gratis lån av EKT for alle born og premie til alle born t.o.m. 16 år.
Småtroll kr 10, born kr 25, vaksne kr 40. Familie maks kr 100.-.
Bompengar kr 20 pr bil.

Alle velkomne!

Hovudløp og O-landsleir
Biletet viser Synnøve i fint driv på sprinten i Drammen 2009.

O-gruppa i Voss IL blir i år representert med 4 løparar på hovudløp og O-landsleir i Stjørdal.

I tida 8. - 15. august vil Hildegunn Heggøy (D15), Synnøve Hatland (D15), Rebekka Bråten (D16) og Anders Bø (H16) delta på løp og samling i lag med over 500 unge i alderen 14-16 år. Dei stiller på sprint, lang og stafett.

Samstundes er det også VM i Trondheim og innlagde publikumsløp.

O-gruppa ynskjer løparane våre lukke til!

Heimesida til Hovudløpet finn du her: www.hovedlopet2010.no

Kjekk samkome i Granvin
Nærare 20 personar møtte til samkome ved Granvinsvatnet.
Det var leik og moro, bading og grilling.
Og litt dramatikk! Ein motorsykkel køyrde gale i svingen....

Foto: Marta Ringheim

Sommarsamkome onsdag 30. juni
O-gruppa inviterer små og store til samkome ved Granvinsvatnet
onsdag 30. juni (lite blått hus i Øvre Vassenden, venstre sida av vegen)

Frammøte ved Kiwi Palmafossen kl 17.30 for samkøyring.

Ta med grillmat og drikke, badetøy (om du likar kaldt vatn) og gjerne uteleiker, slik som ball, badmington, ringspel, dart, hestesko m.m.

ALLE velkomne!

Vossagampen 13. juni kl 11 på Bulko
Rekorddeltaking på årets Vossagamp - 124 påmelde kl 21 laurdag!

Samlingsplass: Vinterparkeringa på Bulko, ca 15 km frå Vangen, retning Granvin.
Merkt frå Rv13. Bompengar kr 30.- Parkering på samlingsplass.

Frammøte: Frå kl 11.00.

Fellesstart: Kl 12.00. Merka til start; 10-15 min å gå på veg.

Kart: Bulko 1:10 000. Brukt på NVG 2008.

Terreng: Lettløpt, med ein del høgdeskilnad. Furu- og bjørkeskog.
Store opne myrar. Skråli.

Løyper og klassar:
Langgamp: 12,9 km; H19-
Kortgamp: 10 km; D16-, H16-18, H35-49, H50-, Open Kortgamp
Smågamp: 6,7 km; D50-, H60-, Open Smågamp
Trimgamp: 4,1 km; D12-, H12-

Premiering: Klassevinnarar i Lang-, Kort-, Små- og Trimgamp.

Startkontingentar: Lang-, Kort- og Smågamp kr 100.-.
Etterpåmelding kr 150.-. Seinast kl 11.30 sundag.
Trimgamp kr 80.-. Etterpåmelding kr 100.-. Seinast kl 11.30 sundag.
Brikkeleige kr 30.-.

Garderobe/vask: Våtklut

Løpsleiar og løypeleggjar: Svein-Erik Heggenes.

Arrangør: O-gruppa i Voss IL

Bankkonto: 3480.11.86892

Knallsuksess for Finn Fram-dagen 18. april
Minst 178 små og store deltok på Finn Fram-dagen sundag 18. april.
O-gruppa er meir enn nøgde. Snø om morgonen, surt på føremiddag,
men for ein knall dag likevel. Kaldt, men sol og berre ei bittelita
snøbyge i 14-tida. Og med 178 registrerte deltakarar vart dagen heilt topp.

Deltakarane kunne og ville prøve:
Fot-O (15 postar utan kart - med foto av postdetalj)
Postplukk (totalt 17 postar - ta så mange du vil - dei fleste tok alle)
Grille pinnebrød i lag med Barna sitt Turlag
EKT løype (sprint-løype med tidtaking)
Kjøpe Barne-Tur-O, 30 postar i Bømoen og/eller kjøpe "vanleg"
Tur-O, 40 postar plassert i Bømoen, i Storåsen (Tvildesåsen) og på Bulko.
Kjøpe kaffi, kaker, bollar og vafler i ute-kaféen.
Gratis saft!

Finn Fram-dag i Bømoen 18. april
O-gruppa i Voss IL inviterer til Finn Fram-dag i Bømoen
sundag 18. april. Påmelding og start frå kl 12 inni leiren,
ved FN-veteranane sitt klubbhus. Siste målgang kl 15.
Pris kr 25,- pr. pers, maks kr 100 pr. fam.

Tilbod: Sal av Tur-O (kr 150) og Barne-Tur-O (kr 50).
Prøv Fot-O, postplukk og EKT-løype.
Grille pinnebrød i lag med Borna sitt Turlag.
Utekafé med sal av kaffi, kaker, bollar og vafler.
Saft til borna.

Alle velkomne!

Stipend til Rebekka
På hovudlaget sitt årsmøte 10. mars, var Rebekka Bråten ein av tre unge som fekk stipend frå Voss sparebank. Stipendet er på kr 4000.- og skal stimulere til vidare satsing. Dei to andre som fekk stipend var Anders Øvsthus, alpin og Ingrid Fjose, friidrett. Sjå bilete på hovudlaget si heimeside.

Ski-orientering tysdag 9. mars
Vær og føre er bra - ski-orientering tysdag 9. mars.
Frammøte ved Palmafossen skule innan kl 17.30.
Ta med kartmappe om du har. Og hovudlykt?

Alle velkomne! Born under 10 år i lag med foreldre.

Ski- og akedag i Bømoen laurdag 6. mars
Lyst å prøva ski-orientering?
O-gruppa i Voss IL inviterer til ski- og aking i Bømoen
laurdag 6. mars frå kl 14.00. Siste målgang kl 17.00.
Påmelding og start ved klubbhuset til Viljar.
Dei minste borna kan ake i akebakken.
Dei større kan gå på ski og prøve ski-orientering.
Ski-O-kart kr 10 for born og kr 20 for vaksne.
Ta med kartmappe om du har.
Sal av kaffi, kaker og bollar. Varm saft til borna.
Høve til å grille. Ta med grillmat!

Alle velkomne!

O-gruppa på ski 2. mars kl 17.30 frå Bavallen
Tysdag 2. mars blir treningsopplegget skitur med feller opp Bavallen.
Frammøte kl 17.30 i botn av hoppbakken.
OBS! Påmelding til Aina Sandaker på mobil 414 65 683 eller
Unni Kjæraas Svendsen på mobil 957 52 890
innan måndag 1. mars kl 20.00.

Turen krev at ein kan gå oppover på ski og skri nedover på ski!
Born under 12 år må ha fylgje av foreldre/foresette/eldre søsken/tante/onkel/besteforeldre.

SPONSORAR

AKTUELT
Vossameisterskapen i friidrett 6.06
Friidrettsstemne onsdag 9.05
O-løp 2 i Bømoen onsdag 16. mai
Terrengløp 18.04
Friidrettstrening
Årsmøte i hovudlaget 22.03, kl.20
Open dag i Idrettshallen 11.03
Årsmøte i turngruppa
Ledige plassar på turn 2018
Basistrening
Vossameisterskapen i friidrett 7.juni
Resultat friidrett 22.05
Friidrettstemne måndag 22.05
Vossameisterskapen i terrengløp 3.05
Bestilla overtrekksdrakt
Idrett for alle, 15-19år
Betaling av medlemskontingent
Brikke og O-drakt?

Voss IL på facebook  

 Voss IL - Grupper
 Alpint  Friidrett  Hestesport  Idrettsskulen  Nordisk  Orientering  Symjing  Tennis  Turn  Randonee

        Rediger